Quantity:


 
Kornstad/Wiik - Eight Tunes We Like

 

  • Håkon Kornstad - Tenor Saxophone
  • Håverd Wiik - Piano

    • Touching (Annette Peacock)
    • Jesus Maria (Carla Bley)
    • Birth (Keith Jarrett)
    • Calls (Carla Bley)
    • Opus 7 - Sehr Langsahm (Anton Webern)
    • The Peacocks (Jimmy Rowles)
    • Humpty Dumpty (Ornette Coleman)
    • Autumn In New York (Vernon Duke)


All tracks recorded in Rainbow Studio, Oslo, July 2003 Engineer: Jan Erik Kongshaug
Except track [7] recorded in Bugge’s Room, Oslo, October 2003 Engineer: Andy Mytteis
Mixed and mastered by Ingar Hunskaar at Strype Audio, Oslo, April 2005
Produced by Kornstad & Wiik.
Sleevework by Stoffer Ganes.
This album was funded by Stoffer Ganes’ Graphic Design Fund For Extreme Musical Talents.


 
 

  • Håkon Kornstad og Håvard Wiik har gått i studio for å spele inn åtte songar dei likar. Meir skal det ikkje til for å lage eit stort album.
     Då Håvard Wiik var residerande festivalartist på jazzfestivalen i Molde i fjor, kom Håkon Kornstad flygande ein morgon for å spele ettermiddagskonsert med Wiik før han sette seg på kveldsflyet til Oslo. Som så ofte før opplevde vi korleis ein nesten upretensiøs intimkonsert kan bli blomsten i knappholet i ei lang festivalveke. Når eg no høyrer Carla Bleys vakre «Jesus Maria» på plata «Eight Tunes We Like», undrast eg endå ein gong om kor mykje bra musikk det er att å lage der ute i universitetet. Kan det aldri ta slutt? Vil den dagen aldri kome då dei musikalske mogleikane er oppbrukte, og alt berre blir kopiar av noko som er laga før? Ikkje noko tyder på det, dessutan kan vi leve lenge på det vi har. I eit sekstitalsintervju med Keith Jarrett her i avisa, sa han at det vi kallar standardlåtar var musikk som var før si tid. Men kva er den eigentlege løyndommen bak musikk som er bra? Om det finst ei oppskrift på det, vil eg ikkje vite det, sa Paul McCartney.
    På denne plata spelar Håvard Wiik songar av Anette Peacock, Carla Bley, Keith Jarrett, Jimmy Rowles, Ornette Coleman og Vernon Duke, pluss av Anton Webern, «klassikaren» som kjem inn med «Op 7 – Sehr Langsam». Då har vi først høyrt Kornstad og Wiik fabulere seg gjennom «Touching» av Peacock, «Birth» av Jarrett, «Calls» av Bley. Kornstad har ein saksofontone som ikkje har sin like, reinskoren, fyldig og sterk med ein liten vibrato i enden, med eit anstrøk av overtonar innimellom. Wiik utmerkjer seg med eit virtuost, men distinkt pianospel. To musikarar viklar seg inn i kvarandre, slepper taket, går kvar sine vegar, møtest på ny i lyttande samklang, og så vakker ein song Jimmy Rowles' «Peacocks» er! Duoen er som skapt for Ornette Colemans «Humpty Dumpty», og Vernon Dukes «Autumn in New York» til slutt, kjennest like mykje som eit mildt pust frå våren. Meir skal det ikkje til.

    Roald Helgheim/Dagsavisen